På line over livet

På line over livet

«På line over livet» er den andre og siste delen av historia om Olav Bjelland og hans kamp for å halda hovudet over vatnet.

Om lag seks år har gått sidan Olav Bjelland i psykotisk tilstand sjokkerte heimbygda si med ei frykteleg ugjerning. Etter lang tids opphald på ulike institusjonar, prøver Olav å koma tilbake til samfunnet. Men han strevar framleis med å finna sin plass i verda.

Doktor Amundsen er anerkjend som ein av dei store ekspertane innan humanistisk psykologi, men han manglar framleis ei storbragd for å bli skriven inn i historiebøkene. Så dukkar det plutseleg opp ein svært uvanleg pasient på klientlista hans.

Med håp om å hjelpa Olav sitt innfløkte sinn, viklar Amundsen seg inn i eit spesielt forhold som får konsekvensar for både privatlivet og karrieren hans.

På line over livet
  • På line over livet

    Om lag seks år har gått sidan Olav Bjelland i psykotisk tilstand sjokkerte heimbygda si med ei frykteleg ugjerning. Etter lang tids opphald på ulike institusjonar, prøver Olav å koma tilbake til samfunnet. Men han strevar framleis med å finna sin plass i verda.

    Doktor Amundsen er anerkjend som e...